27.05.2008

Rot!

Det fyrste eksamensresultatet ein legg merke til er kor mykje rot som utviklar seg i løpet av tida ein bruker på å (skulle) lese.

Då eg i stad snudde på PC-stolen og såg korleis det ser ut bak meg innså eg kor rotate det er her. Og eg som trudde pulten min var ille.
Det eg ser er klede. Ikkje berre skitne klede, men og ein klesvask som heng på tørkestativet foran TV-en. Eg har ikkje flytta dei fordi eg ikkje har brukt TV-en. TV-en er ikkje i bruk akkurat no fordi sofaen er fyllt av ein open koffert og ei (ubrukt) pizzafjøl. Bordet mitt er ganske ryddig av den enkle grunn at eg ikkje treng gå så langt inn på hybelen om eg ikkje bruker sofaen og TV-en. Det einaste som ligg der er ei t-skjorte og ei ølflaske. Når eg ser ølflaska hugser eg flaskepanten som ikkje er panta på fleire månader. Eg kan ikkje klage på at eg har dårleg råd før eg har gjort det...
Bøker ligg cirka over alt på grunn av eksamenslesning(sforsøk) og breier seg frå gulvet via ei hylle ved sida av meg via printeren og opp til pulten. Printeren har eit par gamle fat stabla på toppen som eg har flytta vekk for å få plass til tastaturet. Pulten er full av rot eg eigentleg burde flytta, samans med rot som elles ligg der, og rot eg ikkje hugsar korleis havna der til å byrje med. (Solbriller har eg ikkje brukt sida sommaren i fjor. Kvifor ligg Xbox-kontrollen der? Og når var sist eg brukte den tanga?) Under trappa heng ei bundaskjorte eg ikkje har hengt i skapet fordi eg ikkje har plass der på grunn av skittenklede som fyller den delen av skapet eg kan hengje klede i (med mindre det er for mykje skittenklede) og gulvet og stolen utanfor. (Stolen nede også, forsåvidt.) Bokhyllene mine er eit rot fordi eg ikkje har hatt tid til å rydde dei. (Og om eg hadde hatt tid hadde eg berre rota dei til igjen om eg skulle hatt bøker til å lese til eksamen..) Det einaste eg ser som ikkje er rot her er senga og PC-en min, noko som i og for seg er greitt sida det er det eg har planar om å utnytte meg av til eg prøver å rydde i morgon.

Ah, og om nokon kunne tenkt seg bilete i dette innleggjet vart dei sensurert.

Blogg!

Ein del av meg klarte plutseleg produsere eit ok blogginnlegg, så det einaste eg mangla var ein blogg. Kikker innom blogger.com, og trur du ikkje eg har det frå før! Det hugsa eg ikkje.
Sida eg ikkje kan hugse sist eg logga på her (For å opprette bloggen), så seier det seg vel sjølv at ein ikkje kan vente regelmessige oppdateringar... Jeje. De får følgje med rundtomkring og sjekke innom kvar gong eg postar "Yaybloggoppdatering" på Facebook eller noko.

Og, ja. Nynorsk. <3 Lev med det. Sikkert ein del feil. (Som eg vert glad for rettingar av.  Om dei som føler for det tek det ein anna plass enn kommentarfelta til bloggen det gjeld.)

kthx.