03.03.2011

Post til ein tiger!

God dag alle trufaste blogglesarar!
I dag skjedde det noko som fortener eit blogginnlegg. Joda, det har skjedd stort og smått dei siste tre åra, men ikkje så mykje eg føler for å blogge om. (At eg har flytta halve landet på langs og sånt er ikkje så veldig interessant akkurat.)

Men i dag skjedde det endeleg noko. Ein uventa pakkelapp dumpa ned i postkassa, noko som i utgongspunktet høyrest spanande ut.
Situasjonen er for augeblenken sånn at eg har lås på postkassa, så alt som er tjukkare enn eit par DVD-cover må eg ned på posten for å hente. Konklusjonen då eg såg pakken kom heimefrå var at det anten var vidaresendt post, noko eg hadde gløymt der i jula eller noko fjas dei hadde sendt oppover fordi dei hadde lyst. To av tre alternativ er ikkje spanande, så taktikken vart å halde forventningane låge.
Gleda var stor då eg såg at syster mi hadde sendt pakken. Det vart med ett meir sannsynleg at innhaldet var meir spanande enn klesplagg mor mi har sendt i frykt om at eg frys. (Ikkje kvar dag ein får pakker med Ole Brumm, ein hane og Tommy og Tigern utanpå. Postdama kommenterte det til og med.)

Eg tassa spent heim og opna pakken. Innhaldet var et utmerkt utval av det eg liker kalle... sarv. (Crap, tat, skrot. Sånne ting med skikkeleg høg kvalitet og pris.)

Eg bladde fyrst fram ein lapp som forklarte det heile:
Vel, joda. Eg ser pakken er sendt på måndag, så eg mistenker dette er noko syster mi med fleire har funne på ei keisam(?) stund på klassetur. Lappen seier det har vore ei utfordring. Skal eg då kåre ein vinnar? Eg seier alle er vinnarar og lister opp det eg fann i pakken i tilfeldig rekkjefølgje frå det mindre spanande til det mest spanande: