23.05.2012

Kvite Converse

Vinter. Snø. Is. Glatt. Kaldt. Vintersko.
Sol.
Snøsmelting. Is. Glatt. Vått. Klamme vintersko.
Påske. Snøhaugar. Isflekkar. Vått. Varme, klamme, vintersko.
Vår. Sol. Vått. Joggesk...is. Snø. Varme, klamme, vintersko.
17. mai. Eksamenstid. Sol. Vår. Bart. Tørr asfalt. Converse.

Litt avhengig av kor sta ein er og kva breddegrad ein bor på kjenner mange seg igjen i ein sånn vår. Her i nord kom vi endeleg til siste punkt for eit par veker sidan, og i år kjenner eg eg er i Converse-humør. Eg fekk mitt første par Converse i 2006. Eit heilt enkelt, kvitt par av den typen kor den øvste stripa i gummien er mørk raud. Tek eg ikkje heilt feil er det av originalfargane.
Etter å ha gnege hòl på hælen min eit par veker byrja eg å trivast i desse skoa. Eg har traska mang ei gate i dei, og til tross for kjøp av eit høgt antal par Converse i alle moglege fargar seinare tid er dei der det starta for meg. Det første paret. Og, rett meg om eg tek feil, dei fleste Converse-eigarar tenkjer no og då tilbake til Det første paret.

I løpet av dei siste seks åra har dette paret vore med på mykje. Dei har venta tre timar i kø for å få kjøpe Nintendo Wii (08.12.06, det var kaldt.). Dei har venta i fire-fem timar i kø utanfor Vikingskipet for å sleppe inn på The Gatering 2007 (04.04.07. Òg kaldt.). Dei har feira russetid (07. Ikkje så kaldt.). Dei har gått ein lengre tur i tidanes regnskur frå Malahide Castle via ein skog til togstasjonen i Malahide (og så ein tur sakkblaute gjennom Dublin sentrum. Der var det sol og fint vêr og ikkje eit regnvått menneske å sjå bortsett frå oss. Eg lærte foresten at plasttåa på eit par converse er heilt tett på den turen. Det rann ikkje ein drope vatn utav ho.). Dei har flytta til Trondheim, jobba ein dag som reinholdar (for så å få sparken grunna for lite demping), sikkert vore på ein del ferieturar til, og så flytta til Tromsø. Etter ein sånn prosess plar Converse verte som Converse skal vere: slite. Slite og skitne.

Eg har, som nevnt, ein del fleire par Converse som har vore med og teken litt slitasje dei siste seks åra, og er fer ganske fint med skoa mine, så dei er ikkje så slite som ein skulle tru. Sporet under solen har derimot sett sine betre dagar. Han er enno tett, men eg mistenkjer at det er mangelen på spor som gjorde at eg holdt på å skli inne på bussen sist eg brukte dei. Dei har av den grunn vorte mindre og mindre brukt, og har ufortent vorte sett på hylla til fordel for andre sko. Ein heller trist skjebne for så trufaste følgjesvenar gjennom så mange år. Ikkje slite ut, og ikkje i bruk. Berre grå.

Ein dag kom eg til at noko måtte gjerast. Dei kan ikkje stå sånn i skohylla til evig tid, og å dømme dei til eit liv på søppeldynga var ikkje aktuelt. Alt eller ingenting. Eg gjorde det ein aldri skal gjere med Converse: kasta dei i vaskemaskina, helte i såpe og skrudde på. Resultatet vart eit litt kvitare par Converse. Perfekt. Fram med tusjane!

Etter ein dag med idear, skissing, fundering og tusjing har eg vorte ganske fornøyd. Eg hadde først tenkt å taka heilt av og berre teikne så mykje eg kan få plass til på eit par Converse, men utover kvelden, eller etter dei par første motiva, såg eg at eg hadde eit rimeleg paralellt motivval på kvar sko, så eg fortsatte med det til eg fekk eit resultat eg kjem til å trivast i. For dei skal ikkje pensjonerast enno.