03.03.2011

Post til ein tiger!

God dag alle trufaste blogglesarar!
I dag skjedde det noko som fortener eit blogginnlegg. Joda, det har skjedd stort og smått dei siste tre åra, men ikkje så mykje eg føler for å blogge om. (At eg har flytta halve landet på langs og sånt er ikkje så veldig interessant akkurat.)

Men i dag skjedde det endeleg noko. Ein uventa pakkelapp dumpa ned i postkassa, noko som i utgongspunktet høyrest spanande ut.
Situasjonen er for augeblenken sånn at eg har lås på postkassa, så alt som er tjukkare enn eit par DVD-cover må eg ned på posten for å hente. Konklusjonen då eg såg pakken kom heimefrå var at det anten var vidaresendt post, noko eg hadde gløymt der i jula eller noko fjas dei hadde sendt oppover fordi dei hadde lyst. To av tre alternativ er ikkje spanande, så taktikken vart å halde forventningane låge.
Gleda var stor då eg såg at syster mi hadde sendt pakken. Det vart med ett meir sannsynleg at innhaldet var meir spanande enn klesplagg mor mi har sendt i frykt om at eg frys. (Ikkje kvar dag ein får pakker med Ole Brumm, ein hane og Tommy og Tigern utanpå. Postdama kommenterte det til og med.)

Eg tassa spent heim og opna pakken. Innhaldet var et utmerkt utval av det eg liker kalle... sarv. (Crap, tat, skrot. Sånne ting med skikkeleg høg kvalitet og pris.)

Eg bladde fyrst fram ein lapp som forklarte det heile:
Vel, joda. Eg ser pakken er sendt på måndag, så eg mistenker dette er noko syster mi med fleire har funne på ei keisam(?) stund på klassetur. Lappen seier det har vore ei utfordring. Skal eg då kåre ein vinnar? Eg seier alle er vinnarar og lister opp det eg fann i pakken i tilfeldig rekkjefølgje frå det mindre spanande til det mest spanande:



Eit flott val. Sånne små, søte skjerf er noko av det eg liker best å få i gåve. Det er eit plagg eg bruker heile tida, og det passar stilen min utmerkt. Diverre synest eg motivet er litt "out of season", og til sommaren vil eg tru dette er fjorårets mote, så diverre kjem det til å verte lite bruk av dette skjerfet. Synd, sida eg er sikker på at dette er heilt ekte silke.

Eg liker denne saksa. Ho skal få fast plass pennalet mitt. Eg har enno ikkje opna pakken (og sjølv om pakken seier "TEST MEG!" er det ikkje så veldig lett), men eg vil tru kvaliteten er minst like god som valet av font på ordet "barnesaks". Mønsteret på saksa kler både stilen min og mønsteret på det overnevnte skjerfet.
Kvifor ein skal bruke bornesaks på eit kontor er eg ikkje heilt sikker på.

Eg har så langt ikkje opna denne, og eg veit ikkje om eg tør gjere det heller. Dels fordi pakken er så fin at eg har lyst til å behalde eksemplaret i forsegla form, og dels fordi pakken seier "best før: 11 10". Baksida av pakken har derimot fine opplysningar:
-Tilsett E-vitamin, aloe vera og kamille (Jess, der er e-vitaminbehovet mitt dekka!)
-Hypoalergenisk og blid over for sart babyhud (dette siterer eg berre fordi eg trur eg likte ordet "hypoalergenisk".)

Her har eg ikkje så mykje å seie anna enn:
-Korleis visste den som kjøpte dette at eg faktisk har bruk for dei? Endeleg kan den søte PS2en min stå stødig på den ikkje fullt så søte Xboxen.
-RUTCHFESTE BELÄGE, SELBSTHAFTEND (Tysk er artig.)

Skeia ser litt vel flat ut til å ete med. Elles trur eg eg kan få god bruk for både skåla og koppen då dei vert fast inventar i skapet mitt på skulen. Lokket på koppen kjem eg til å leggje igjen heime (eg er jo tross alt eit vaksent menneske), og det same gjeld sugekoppinnretninga under skåla. Ideen bak ho er god, men ho får ikkje skåla til å sitte fast på bordet. Ho sug rett og slett ikkje.
Eg la akkurat merke til at koppen har to hankar. Det har ikkje dei fleste voksenkoppar. Eg ser på det som ein fordel fordi eg slepp snu koppen for kvar gong eg føler for å bytte drikkehånd.

Vel, joda. Treff definitivt smaken min bra. Berre Twilight kunne treft betre. Sparebøssa er av den typen ein må ha boksopnar til å opne, så eg får diverre berre bruke ho ein gong. (Ei lite økonomisk sparebøsse, med andre ord.)
"Be your own star!" står det på sida, så då sparer eg til det.

Fronten seier flotte ting som "PULL BACK" og "DIY" og... noko på kinesisk. Kor fantastisk dette flyet er er illustrert med bilete av ein unge som aldri har sett leiker med PULL BACK ACTION før:
(Eg synes pakken kunne inkludert ei sånn lue. Då hadde eg brukt ho kvar dag.)
Baksida har ei bruksanvisning og gjev deg i oppgåve å forklare diagrammet. Eg trudde oppgåva var å byggje flyet. Så feil kan ein taka...
Eg har ikkje bygd flyet enno. Det synest eg fortener eit eiget blogginnlegg.

Fantastisk. Dette er noko av det stiligaste eg har motteken. Det er nestan så eg vil kjøpe meg eigen søppeldunk for å kunne bruke dei. Kven har vei ikkje drøymt om ein søppeldunk pent dekorert med ungmåsar? For av ein eller anna grunn har ingen av måsane fått skikkeleg vaksen fjørdrakt. Min teori er at vaksne måsemodellar tek mykje meir betalt enn dei yngre. Kvifor det har snike seg ein pelikan inn i samlinga veit eg ikkje.
Det eg veit er at eg snart er lukkeleg eigar av ein måsedekorert laptop.

(Skulle nokon av lesarane vite historia bak korleis pakken vart til er det berre å slå seg laus i kommentarfeltet.)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Nytt innlegg et år før tida? Jeg er imponert!

Oda Of the Paper sa...

Dette virker som en veldig nødvendig pakke. (Og det er faktisk sant, for man trenger sånne pakker utenom det vanlige en gang i blant)

Nå er jeg virkelig nysgjerrig på hvordan pakken ble til. Brevet forklarer ikke så altfor mye.

Gitte sa...

Å, så morsomt! Overraskelsespakker er de beste pakkene! : D